Likestilling og språkbruk
av Nina Elin Brevik, lingualab.net
Likestilling og språkbruk er eit tema folk har vore opptatt av i lange tider. For over 100 år sidan, i ”Oppmuntring til at danne sogneselskape” introduserte Henrik Wergeland termane Normand og Norkvinne (Bull and Swan 1992:170). Dette hadde han vel ikkje gjort om han meinte at Normand var eit kjønnsnøytralt ord som kunne referere til både menn og kvinner. Det kan verke som om Wergeland brukte desse termane nettopp for å understreke at ordet Normand ikkje er kjønnsnøytralt, eller at det i det minste manglar ein feminin motpart. Temaet han tok opp så tidleg, vart tatt opp att av kvinnerørsla og er framleis like aktuelt i Noreg i dag.
Omriss av debatten frå rundt 1970 og fram til i dag
Kvinnerørsla i USA og Vest-Europa vaks fram på slutten av 1960-talet og var knytt til andre rørsler som oppsto i samband med ideologidebatten på universiteta, den generelle studenturoa og dei sterke protestane mot Vietnamkrigen. Omgrepet ”kjønnsroller” vart brukt i Noreg for første gong i 1958, i doktoravhandlinga ”Kjønnsroller og ungdomskriminalitet” av Sverre Brun-Gulbrandsen. Den første kvinneorganisasjonen i Noreg var Nyfeministene, som vart danna i 1970. Seks år seinare hadde fire organisasjonar til sett dagens lys, medan gamle fekk nytt liv. Det var på denne tida at omgrepet ”kvinneforsking” oppsto. ”En enkel definisjon av kvinne- og kjønnsforskning er at dette er forskning som har kjønn som en del av problemstillingen, eller som problematiserer betydningen av kjønn, empirisk og teoretisk. I Norge er ikke kvinneforskning en egen fagdisiplin” (Senter for kvinneforskning).
Kvinnerørsla var oppteken av likestilling mellom kjønna, også i språkbruken. Dei var inspirerte av ideane til William Labov, ein av pionerane innanfor sosiolingvistikken, som meinte at språkbruken vår vert styrt av sosiale faktorar. Kvinnerørsla såg på språket som ”eit undertrykkjande og kvinnediskriminerande maktinstrument” (Hageberg 1993:191). Kritikken gjekk mellom anna ut på at ”språksystemet og språkbruken ikke er lik for kvinner og menn” (Øhrling 2000:5). Haldninga på den tida var at språkbruken til mannen var norma og at kvinna sin representerte avviket (Øhrling 2000:9). Med denne haldninga som utgangspunkt, vart ikkje forskinga særleg objektiv. I 1973 gav Rolv Mikkel Blakar ut boka ”Språk er makt”, der han viser at språket vårt ikkje er et nøytralt kommunikasjonsmiddel, men også eit maktmiddel. Dei som sympatiserte med kvinnesaka meinte at språket usynleggjorde og stereotypiserte kvinnene, og at det berre markerte at noko gjaldt ei kvinne når det var heilt tydeleg at det ikkje hadde noko med menn å gjere.
Ikkje alle var einige i at språkbruken måtte endrast. Midt i store sosiale og ideologiske debattar kan språkbruksreformer for enkelte synest å vere temmeleg trivielle bekymringar (Graddol and Swann 1989:195). Fleire nordmenn (og kanskje nokre kvinner?) meinte at det var tåpeleg å kaste vekk tid på å diskutere språkbruken så lenge det sto igjen så mykje likestillingsarbeid på andre felt. Det avgjerande spørsmålet vert om lingvistiske endringar fører til samfunnsendringar. Etter å ha studert fleire forskjellige undersøkingar kom David Graddol og Joan Swann fram til at mønstra ved årsak og verknad ikkje er så enkle som fleire lingvistiske intervensjonsprogram har gitt inntrykk av (Graddol and Swann 1989:193). Samstundes er det ein viss fare for at effektive språkendringar fører til at folk trur at samfunnet har endra seg i like stor grad (Graddol and Swann 1989:195). Ofte er det vel likevel slik at språkendringa skjer i etterkant av ei samfunnsendring, og at ho på den måten speglar den nye realiteten i kvardagen til fleire av språkbrukarane.
Det var nok dei som med gru tenkte på George Orwells ”1984” og korleis Storebror kontrollerte kva undersåttane var i stand til å tenkje ved å kontrollere Newspeak. Dei var redde for at språkendringane kunne føre til at ytringsfridomen vart avgrensa. Den gjengse oppfatninga om at språket bestemmer kva eit individ kan tenkje introduserer ein moralsk dimensjon i dette spørsmålet, og det å gripe inn i språkbruken vert sett på som eit forsøk på tankekontroll (Graddol and Swann 1989:193).
”Argumenter mot endring har for eksempel vært:
- «Språket er ikke viktig, vi bør konsentrere oss om å endre den virkelige kvinneundertrykkingen og urettferdigheten»
- «Vi har da talefrihet her i landet»
- «Språket har da ikke til hensikt å diskriminere noen»
En del fagfolk har argumentert mot å forsøke å endre språket ved å vise til ordenes opprinnelse. De har også pekt på at det er vanskelig å endre språket. I dag har omfattende forskning vist oss at det er den betydningen ordene har i dag, vi må se på hvis vi skal avgjøre om de fungerer diskriminerende eller ikke” (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:0-1). Studiet av tydingane til orda i eit språk har å gjere med språkbrukarane sin intuisjon når det gjeld språket (Graddol and Swann 1989:97). Problema oppstår fordi intuisjonen til språkbrukarane sjeldan er heilt eintydig, og fordi han ikkje alltid fell saman med språkbruken.
Eit døme på dette er det norrøne ordet maðr som hadde dei semantiske faktorane både ”menneske” og ”vaksen person av hankjønn”. Språkforskaren Lis Jacobsen har kome fram til at ordet mann (maðr) allereie på 1500-talet hadde byrja å misse tydinga ”menneske”. Likevel er det i dagens norsk framleis ei rekkje ord og uttrykk som har klare røter attende til den kjønnsnøytrale tydinga av maðr, til dømes å manne seg opp, å kome mannsterke, i manns minne med fleir. (Hageberg 1993:190-191). Mange slike ord som opphavleg refererte til begge kjønn, synest no avleggse. Den etymologiske tydinga av ordet er ikkje like viktig for oss som kva vi assosierer ordet med i dag. Titlar, ord og uttrykk med mann i seg vert i dag sett på som gamaldagse, dei tek ikkje omsyn til kvinna si viktige rolle i dagens samfunn, og oppfattast derfor som diskriminerande.
Utover 1980-talet minka interessa for likestilling, og dermed også interessa for likestilling i språkbruken. Det var lite forsking på området i Noreg, mindre enn i dei andre skandinaviske landa. På 1990-talet tok interessa seg opp igjen, både nasjonalt og internasjonalt, og ”det er i dag stor bredde i den internasjonale forskinga. Emnet inkluderer blant annet språkplanlegging og språkpolitikk, sexisme, kvinner og menns språkbruk og referanse i forskjellige språk, samtalestrukturen til kvinners språkbruk i ulike sosiokulturelle kontekster og kjønnets rolle i språkbevaring og språkdød” (Øhrling 2002:10).
Tilvisingspronomenet han vart lenge brukt både om hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Fleire lingvistar, (alle mannlege,) hevda at han på same måte som maðr var kjønnsnøytralt i fleirtal, altså når det viser til fleire menneske. Feministane var ueinige, og meinte at samtidas språkkjensle måtte leggast til grunn for kva som var rett å bruke. I nynorsk viser pronomena han og ho også til grammatisk kjønn. Nokre gongar kan det vere vanskeleg å vite om ein skal bruke grammatisk kjønn (genus) eller biologisk kjønn (sexus). ”Når han blir brukt om ein jentunge, vinn genus over sexus” skreiv Didrik Arup Seip i 1958 (Hageberg 1993:189). I overskrifta på leksiografen og målføregranskaren Arnbjørg Hagebergs artikkel ”Fylkesmannen, ka gjørr hu?”, er det omvendt. Kvinnerørsla meinte at sexus måtte vere den avgjerande faktoren. Sagt med Gunnvor Rundhovde sine ord: ”Målet bør vera å freista få samsvar mellom reelt tydingsinnhald og grammatisk uttrykksmåte med omsyn til genus. Då kan formuleringane bli slik at dei verkar minst støytande” (Hageberg 1993:195).
I språkforskinga i dag er det mange forskjellige syn på debatten omkring likestilling og språkbruk. Grovt sett kan dei forskjellige syna delast inn i tre hovudgrupper. Eitt syn er at språket berre reflekterer sosiale skilje og ulikskapar, eit anna er at slike skilje og ulikskapar faktisk skapast gjennom kjønnsdiskriminerande lingvistisk oppførsel. Eit tredje syn er at begge dei føregåande prosessane finn stad, og at ei full beskriving av forholdet mellom språk og kjønn må utforske spenninga og interaksjonen mellom dei to teoriane (Graddol and Swann 1989:9).
Forslag til ny ordbruk som har vore lansert desse åra
Å fremje lingvistiske endringar har vore beskrive som ei klart preskriptiv handling, og er dermed noko som er avskydd av mange lingvistar (Graddol and Swann 1989:193). Likevel er dei fleste lingvistar einige i at kjønnsdiskriminerande språkbruk må unngåast. Forslag har vorte presentert til nye, kjønnsnøytrale pronomen, blant dei hen og høn (Hageberg 1993:195). Finsk har pronomenet hän som tyder både ho og han. Det synest lite truleg at det kan innførast eit nytt fellespronomen i Noreg, sjølv om nokre har prøvd. I avisa ”Samhold” som tidlegare kom ut i Oppland, nytta skribenten Julius konsekvent sitt eigeproduserte pronomen hån. Ingen protestar kom, og det såg ut til at lesarane forsto kva pronomenet tydde (Språk og liv). Denne løysinga synest likevel ikkje å vere populær blant landets lingvistar.
I 1981 vedtok Norsk Språkråd retningslinjer for bruken av han og ho som tilvisingspronomen. Dei tilrådde å bruke han eller ho, men ikkje så ofte at det vert unaturleg. Ho skulle berre nyttast når det var kjent at det dreidde seg om ei kvinne. På årsmøtet i 1989 vedtok Språkrådet at han og han eller ho kunne nyttast som tilvisingspronomen i lærebøker og offentlege tekster. Det vart også vedteke at Språkrådet ikkje skulle motarbeide eller rette utradisjonell bruk av ho som tilvisingspronomen, men dette var ikkje eit samrøystes vedtak (Hageberg 1993:196). Ein del lærebokforfattarar greip sjansen villig, men å einsidig bruke ho som tilvisingspronomen i ei tekst løyser ikkje problemet, det snur det berre på hovudet. Å veksle mellom han og ho er nok den beste løysinga, men då må forfattaren passe på at han eller ho ikkje går i den gamle fella og nytter han om aktivitetar og yrke som tidlegare vart sett på som mannlege, og ho når det dreier seg om kvinnelege (Hageberg 1993:197).
For å unngå å gjenta han eller ho heile tida i tilfelle der vi ikkje veit om det er tale om menn, kvinner eller begge kjønn, kan vi nytte fleirtal eller gjenta substantivet. Nokre bruker også ordet vedkomande, men det har ein stil som ikkje passar inn i alle tekster. Eit anna alternativ er å byte ut pronomenet med andre pronomen, som til dømes den/denne, ein, nokon og ingen (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:11). Fleire tekstforfattarar vel å skrive han eller ho første gongen, for å vise at det her kan dreie seg om menneske av begge kjønn. Sidan nyttar dei han eller ho avhengig av genus. Ei anna muligheit er å nytte han og ho på utradisjonelt vis; ho om mekanikaren og han om førskulelæraren. På denne måten vil teksten verkeleg reflektere kor endra samfunnet vårt har vorte. Arnbjørg Hageberg kallar dette ”medvitsheving”, og definerer det som ”å bruka pronomena utradisjonelt og provoserande for å avsløra umedviten kjønnsdiskriminering (Hageberg 1993:200).
Endringane i samfunnet har også medført at hokjønnsendingane på titlar har forsvunne. Tidlegare heitte det skodespelarinne, songarinne, kokke etc. No heiter det skodespelar, songar og kokk, uavhengig av kjønn. ”Ord som lærerinne, kontordame og allmannamøte var vanlige for 25 år siden. I dag hører vi dem knapt” (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:1). No heiter det lærar, sekretær og allmøte. På denne måten har språkbruken vorte meir kjønnsnøytral og mindre støytande. Formann heiter no leiar, varamann heiter vararepresentant eller berre vara. Språkbruken har blitt endra mest på dei felta der det har vore få kvinner og der kvinnene har vore usynleggjorte. Av døma ovanfor ser vi at dette gjeld arbeidslivet generelt, og kanskje administrasjon og politikk spesielt. Ein stortingsmann er no ein stortingsrepresentant, ein talsmann kan like godt vere ei talskvinne eller ein talsperson. Norsk Språkråd tilrår dei følgjande kjønnsnøytrale titlane for tillitsverv og liknande: leiar i staden for formann, nestleiar heller enn nestformann, varaformann eller viseformann, ordenselev for ordensmann og tillitsvald i staden for tillitsmann (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:6). Det finst ein del titlar som enda ikkje har fått kjønnsnøytrale former. Det heiter framleis embetsmann, fylkesmann og riksmeklingsmann. ”For noen av ordene på –mann kan en bruke –person i stedet” (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:5).
Følgjer debatten har fått for ulike tekster i samfunnet vårt
Fleire av desse nye kjønnsnøytrale titlane har vorte introduserte i lovverket. Eit døme er kommunelova frå 1992 som nyttar nemninga administrasjonssjef i staden for rådmann. I 1979 gav Justisdepartementet ut rettleiinga ”Lovteknikk” som inneheld retningslinjer for bruk av kjønnsnøytrale ord og uttrykk i lovtekster. Ei ny utgåve av rettleiinga er no under utarbeiding, og vil vonleg innehalde fleire forslag til kjønnsnøytrale titlar som vil verte innarbeidd i lovane etterkvart.
Likestillingslova frå 1978 krev at stillingsannonsar ”utformes slik at det ikke virker som om arbeidsgiveren foretrekker ett av kjønnene” (Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling 1998:6). Dette gjeld ”såfremt det ikke finnes en åpenbar grunn til det” (§ 4). For å sørgje for at bestemmingane i lova vert følgde, finn vi også oppnemninga av Likestillingsombodet og Klagenemnda for likestilling i § 10.
”Som det einaste landet i Norden har vi i Noreg (frå 1972) hatt eit likestillingsutval som skal gjennomgå og godkjenna lærebøker for grunnskolen og (frå 1978) for vidaregåande utdanning” (Hageberg 1993:198). Som nemnt ovanfor er det fleire lærebokforfattarar som vel å ta eit aktivt standpunkt i likestillingsdebatten ved å konsekvent bruke tilvisingspronomenet ho, eller å bruke han og ho på utradisjonelle måtar. I alle høve må språkbruken i lærebøkene godkjennast av likestillingsutvalet før dei kan takast i bruk på skulane. Dette sikrar ein språkbruk som er så nyansert og kjønnsnøytral som mulig.
Språkbruken til avisene har også endra seg. Allereie i 1993 konkluderte Arnbjørg Hageberg følgjande: ”Ein lesar som gjerne vil fram til likestilling i språket, finn altså ein god del å gle seg over ved å lesa norske aviser og tidsskrift” (Hageberg 1993:200). Ho gler seg mellom anna over at avisene har slutta å skrive ”kvinneleg” føre personnemningar som kan nyttast om begge kjønn (Hageberg 1993:199). Soon Elisabeth Øhrling undersøkjer i si hovudoppgåve ”Språk og kjønn” språkbruken til avisene Verdens Gang, Nordlys, Adresseavisa og Bergens Tidende. Resultatet av undersøkinga hennar viser at avisene framleis nyttar generisk bruk av kjønnsspesifikke ord. ”Særlig problematiske er ord som ikke lar seg omskrive, og hvor det ikke finnes noen likeverdige motsetninger. Det brukes også enkelte ord generisk som har kjønnsnøytrale og/eller kjønnsspesifikke alternativer” (Øhrling 2002:85). Øhrling meiner likevel at språket er inne i ei endring, og skriv at funna hennar viser at det norske språket er inne i ei overgangsfase.
Vekeblada har kanskje ikkje endra seg så mykje sidan 1970-talet, men det bør vel nemnast at det har komme mange nye til på interesseområde som tidlegare ekskluderte kvinner. Eit døme er blad som omhandlar trening og idrett. No når kvinner etterkvart har vorte innlemma i dei fleste idrettar, har det kome ei mengd vekeblad på marknaden som tek føre seg kvinna som idrettsutøvar, men fokuset er heilt annleis enn i dei tilsvarande blada for menn. Desse tidsskrifta vert lite anna enn moderne versjonar av dei gamle, velkjende venleiksmagasina som har vore i handelen for kvinner i mangfaldige tiår. Dei gamle kjønnsrollemønstra synest å framleis eksistere på dette området, om enn i ei ny og litt forbetra utgåve.
Samanlikning av den norske situasjonen med den engelske
”I mange høve vil det være klart at det engelsktalende samfunnet ikke skiller seg fra mange andre (især europeiske) språksamfunn” skreiv sosiolingvisten Peter Trudgill i 1976 (Trudgill 1976:157).
Som kjent har ikkje det engelske språket genus, men når substantiva vert pronominaliserte må det likevel takast omsyn til grammatisk kjønn i tredje person eintal. ”I regelen blir he og she brukt om substantiv som betegner noe levende (og særlig menneskelig) og noe mannlig henholdsvis kvinnelig, mens it brukes for substantiv som betegner noe ikke-levende. (Unntak fins. It kan brukes for dyr og spedbarn.)” (Trudgill 1976:157-158). Det viser seg at språkbruken som vert nytta ved substantiv som ikkje er genusbestemte og ved frasar som omhandlar begge kjønn, i praksis er den same som i Noreg. Pronomenet som vert brukt er he, ikkje she. ”Det vil si at fraser som
The last person to finish his work
kan referere til bade mannlige og kvinnelige personer, mens
The last person to finish her work
bare kan referere til kvinner” (Trudgill 1976:158). Trudgill meiner dette grammatikalske aspektet ved den engelske språkstrukturen reflekterer det tradisjonelle mannsdominerte samfunnet som det engelske språket har vorte brukt i (Trudgill 1976:158). På same måte som i Noreg, har dei som er opptatte av likestilling i det engelske språksamfunnet notert seg denne språkbruken og freista å gjere noko med den. ”Mange av dem har følt at dette språktrekket får lesere og tilhørere til ubevisst å tru at menn og gutter er viktigere (eller vanligere å finne i visse situasjoner) enn kvinner og jenter” (Trudgill 1976:158). Forslaga til løysingar har også vore dei same som i Noreg. Å bruke begge pronomena, som i he or she, er ei løysing. Andre løysingar vil vere å nytte fleirtal eller å byte ut pronomenet med andre pronomen som til dømes someone/somebody og noone/nobody.
Eit anna tema Trudgill tar opp, er ordparet man – woman. Ved første augekast verkar dei to orda likeverdige, men analyser viser at det ikkje er slik. For det første kan ordet man inkludere kvinner, medan ordet woman ikkje kan inkludere menn. For det andre har woman negative konnotasjonar som Trudgill meiner stammar frå meir tydelege nedsettande ord som broad på amerikansk, og bird og tart på britisk. At ordet woman også har seksuelle konnotasjonar, har ført til at eufemismen lady ofte vert nytta i staden. På den måten meiner Trudgill at lady er meir ekvivalent med man enn woman, men språkbruken er i endring, og også ordet lady har fått seksuelle konnotasjonar blant unge britiske gutar (Trudgill 1976:160).
Som i norsk har også engelsk ei rekkje ord som sluttar på –man. Argumenta for å endre språkbruken på dette feltet har vore av same karakter som dei i Noreg. Kvinnerørsla meinte at slike ord var kjønnsdiskriminerande og mannsretta (Trudgill 1976:162). Resultatet er at ord som til dømes chairman no heiter chairperson eller berre chair, medan fireman heiter firefighter.
I 1977 beskreiv A. P. Nilsen ein analyse av 517 engelske ord som var utvalde frå ei ordbok på bakgrunn av at dei inneheldt tydelege semantiske faktorar som var anten maskuline eller feminine (Smith 1985:37). Som forventa fann ho mange fleire maskuline ord enn feminine, faktisk tre gonger så mange. Maskuline ord relatert til prestisje hadde ein frekvens som var seks gonger høgare enn den for feminine. Negative feminine ord var 20 % hyppigare enn maskuline. Vi får håpe at endringar i språkbruken, som dei som er nemnt ovanfor, har ført til at forholdet no er lågare.
Når det gjeld tiltaleord for kvinner og menn, er det berre når det gjeld kvinner at ordet presiserer om dei er gifte eller ikkje. Om menn nyttast berre Mr, kvinner har tradisjonelt vert kalla anten Miss eller Mrs. På slutten av 1960-talet oppsto det i USA eit organisert arbeid for å få innført ei ny form, Ms. (Trudgill 1976:162). Ordet skulle vere ekvivalent med Mr og formidle kjønn, men ikkje sivilstand (Eckert and McConnell-Ginet 2003:53). Denne forma er no vanleg, og vert nytta av kvinner som meiner det er irrelevant å opplyse om sin sivilstand, eller som av ein eller annan grunn ikkje vil avsløre den. I praksis er forma er likevel ikkje heilt sidestilt med Mr, sidan enkelte offentlege utfyllingsblankettar berre skil mellom Mrs og Ms (Graddol and Swann 1989:97). I slike tilfelle kan det verke som om forma meir eller mindre har smelta saman med Miss.
Når det gjeld tiltaleordet sir finst det ingen hokjønnsvariant når ordet refererer til kvinnelege sjefar. Over tid vil folk kanskje bli lei av å måtte seie sir berre til menn. Kanskje vil bruken av ordet verte utvida til også å omfatte kvinner i autoritetsposisjonar, noko som synest å vere tilfellet når det gjeld politibetjentar, eller kanskje vil den utstrakte bruken av ma’am i Sørstatane og i militæret spreie seg til andre samfunnsområde (Eckert and McConnell-Ginet 2003:53). Elles kan det nemnast at menn i engelske språksamfunn i visse samanhengar omtalast berre ved hjelp av etternamnet. Det skjer svært sjeldan når ein omtaler kvinner (Trudgill 1976:163).
På 1980-talet kunne ein lese i engelske høgreorienterte aviser at ordet manhole skulle forbydast fordi det var diskriminerande, men denne historia og andre liknande viste seg å være oppspinn (Goddard and Patterson 2000:70). Artiklane var sannsynlegvis skrivne av folk som meinte at det var latterleg å prøve å endre på språkbruken, og som nytta humoristiske metodar for å spreie bodskapen sin.
Mitt syn på spørsmålet og på språklig praksis i norsk i dag
I dagens Noreg har dei fleste språkbrukarane eit relativt bevisst forhold til dei spørsmåla som har vore drøfta i denne oppgåva. Statlege og kommunale organ følgjer tilrådingane frå Norsk Språkråd. Utlysingar og titlar følgjer krava i likestillingslova. Dei fleste skriv som regel han eller ho eller han/ho.
Når det gjeld dei landsdekkjande avisene og vekeblada, byrjar dei også å verte flinke til å nytte kjønnsnøytrale ord og vendingar i sine artiklar. På dette området verkar det likevel som om det står att ein del arbeid før det kan seiast at språket er heilt kjønnsnøytralt.
Når det er sagt, er det mange kvinner som i dag ikkje lenger føler seg støtt når dei ser ordet han brukt i tydinga han eller ho. Kor diskriminerande det vert oppfatta kjem sjølvsagt an på mottakaren, tekstsituasjonen og frekvensen, men det er sjeldan diskriminerande meint, og i lange tekstar er det upraktisk å gjenta han eller ho heile tida. Som nemnt ovanfor, nyttar mange tekstforfattarar han eller ho først, for sidan i teksta å nytte berre han. Dette er ein grei praksis som dei fleste unge kvinner i dag neppe vil oppfatte som støytande. Nokre vel nok denne løysinga sjølve.
Det er likevel ikkje uvanleg å høyre jenter og kvinner endre på ord og vendingar som har tydelege maskuline semantiske faktorar. Ei vending som til dømes å manne seg opp vert endra til å kvinne seg opp. Mange kvinner tek det ikkje som ein mann, dei tek det som ei kvinne. Nokre seier som Wergeland nordmenn og nordkvinner. Kor mykje alvor som ligg bak slike ytringar er vanskeleg å slå fast, men det faktum at språket blir leika med på denne måten kan vel berre tyde at visse ord og vendingar ikkje vert oppfatta som kjønnsnøytrale. Arbeidet med å finne kjønnsnøytrale uttrykksmåtar har kome langt, men det er ikkje nok at kjønnsnøytrale ord og vendingar vert introdusert i språket, dei må verte ein aktiv del av det norske leksikon før vi kan seie at språkbruken ikkje lenger er kjønnsdiskriminerande.
Bibliografi
• Tove Bull and Toril Swan (issue editors): International Journal of the Sociology of Language, Berlin, 1992
• Penelope Eckert and Sally McConnell-Ginet: Language and Gender, Cambridge, 2003
• Rolf Theil Endresen, Hanne Gram Simonsen og Andreas Sveen (red.): Innføring i Lingvistikk, Oslo, 1996
• Angela Goddard and Lindsey Meân Patterson: Language and Gender, London, 2000
• David Graddol and Joan Swann: Gender Voices, Oxford, 1989
• Hageberg, Arnbjørg: ”Fylkesmannen, ka gjørr hu?” Noko om han og ho – før og no. I Maal og Minne nr 3-4, Oslo, 1993
• Norsk Språkråd og Kompetansesenter for likestilling: Kjønn, språk, likestilling, Oslo 1998
• Philip M. Smith: Language, the sexes and society, Oxford, 1985
• Peter Trudgill: Språk og kjønn i det engelske språket. I Else Ryen (red.): Språk og kjønn, Oslo, 1976
• Soon Elisabeth Øhrling: Språk og kjønn. En undersøkelse av språket brukt om kvinner og menn i fire norske aviser, Kristiansand, 2002
• Kampdagar http://www.kampdagar.no
• Språk og liv http://home.c2i.net/w-241974/
• Senter for kvinneforskning ved NTNU http://www.ntnu.no/aarsrapport/1997/skf.htm
Copyright © ProZ.com and the author, 1999-2024. All rights reserved.